For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Utdøydde artar.

Utdøydde artar

Teikning av moafuglar og moaørn, som begge er utdøydde artar frå New Zealand. Ørna forsvann etter at menneske som kom til landet utrydda byttet hennar, moafuglane.

Utdøydde artar er artar det ikkje finst nokon levande individ att av. I mange høve kan ein art døy ut utanfor eit visst område (regionalt utrydda), eller utryddinga kan gjelda mindre delar av ein art, som underartar eller dyrerasar. Når alle artar innan ei større gruppe er døydde ut, kan ein også snakka om gruppa som utdøydd.

Utdøying er ein del av evolusjonen. Medan nye artar oppstår, vil andre døy ut, til dømes fordi dei ikkje er godt nok tilpassa miljøet sitt eller på grunn av endringar i arvematerialet. Av og til forsvinn likevel fleire artar enn normalt på grunn av ytre påverknader, som naturkatastrofar, miljøendringar eller innførte artar. Slike hendingar blir kalla masseutdøyingar eller masseutryddingar. Ein kjenner til at det har skjedd fem masseutdøyingar på jorda. Den mest omfattande var perm-trias-utryddinga, der rundt 96 % av alle artar i havet og 70 % av landlevande artar forsvann.

Nokre gonger kan menneske ønska å utrydda artar dei reknar som skadelege, til dømes skadedyr, ugras eller artar som gjev alvorleg sjukdom. I dag blir likevel utrydding som regel sett på som negativt for det biologiske mangfaldet og økosystemet artane tilhøyrer. Det at ein art forsvinn, kan ha store økologiske konsekvensar, mellom anna ved at andre artar som er avhengige av han også vil stå i fare for å minka eller døy ut. For å hindra eller retta opp utdøying kan ein verna artar eller habitat, driva avl og setja ut individ av truga artar.

Definisjon

[endre | endre wikiteksten]

Ein art får raudlistestatus som utrydda (EX) om det er svært liten tvil om at arten er utdøydd i heile verda. Vidare kan ein art få status som utdøydd i vill tilstand (EW) medan det framleis finst levande individ i fangenskap, eller ein kan rekna han som funksjonelt utrydda, det vil seie at det finst så få reproduserande individ igjen at han truleg ikkje er levedyktig.

I dag reknar ein artar som utdøydd dersom ein ikkje har observert han innanfor eit rimeleg tidsrom i høve til livssyklusen og levemåten det har, og etter at ein har leita i kjente eller forventa levområde utan å finna han. Fram til midt på 1990-talet brukte ein å erklæra artaar som utøydd dersom ein ikkje hadde sett dei på 50 år. Dette førte til at fleire dyr blei erklærte som utdøydde for så å bli oppdaga igjen.

Moderne tilfelle av utdøydde artar

[endre | endre wikiteksten]
Sjå òg detaljert oversyn fugleartar utdøydde etter år 1500‎‎

Kjente utryddingar:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Utdøydde artar


{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Utdøydde artar
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?