For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Umesamisk.

Umesamisk

Umesamisk
Klassifisering uralsk
 finsk-ugrisk
  samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Nordland, Västerbotten
Umesamisktalande i alt Ca. 10
Skriftsystem Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3 sju
Glottolog umes1235

Umesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Dei få talarane som er att bur i Sverige. Tidlegare vart det snakka også på norsk side. Umesamisk dannar i lag med sørsamisk den sørlege greina av dei samiske språka, desse to utgjer «sørsamisk i vidare forstand».

Tospråkleg svensk/umesamisk skilt i Arvidsjaur.

Grammatikk

[endre | endre wikiteksten]

Umesamisk har mindre stadieveksling enn dei nordlegare samiske språka. Derimot har umesamisk, saman med pitesamisk, det same omlydsfenomenet som det sørsamisk har. Det umesamiske negasjonsverbet blir bøygd i tempus.

Det umesamiske alfabetet slik det står i ordboka til Henrik Barruk er, i rekkjefylgje, a, á, b, d, đ, e, f, g, h, i, ï, j, k, l, m, n, ŋ, o, p, r, s, t, ŧ, u, ü, v, y, å, ä, ö.

Ytre språkhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Umesamisk var det samiske språket som først vart skriftfesta, all litteratur skrive på samisk på 1600-talet vart skrive på umesamisk. I 1738 publiserte den svenske presten Per Fjellström i Lycksele ei skildring av umesamisk grammatikk (Grammatica Lapponica) og ein svensk-umesamisk ordbok (Sueco-Lapponicum). Det nye testamentet kom på umesamisk i 1755, og den første samiske bibelen, frå 1811, var også på umesamisk Tat Ajles Tjalog (Den Heilage Skrift). Dette gjev umesamisk ein sentral posisjon i samisk språkhistorie.

Dei umesamiske områda låg mot sør og aust i svensk Sápmi, og var blant dei første som vart forsvenska under svensk ekspansjon nordover frå og med mellomalderen. Det tidlege skriftspråket vart dermed ikkje lenger brukt i publikasjonar frå attenhundretalet og framover. Etter dette gjekk det lang tid før umesamisk fekk eit offisielt skriftspråk.

I 1999 foreslo det svenske sametinget eit offisielt umesamisk skriftspråk. Forslaget vart den 28. januar 2000 lagt fram for SN.[1]

Ein uoffisiell umesamisk ortografi vart lenge teke i bruk lokalt i Sverige, mellom dei av kommunane Umeå og Lycksele. Den 27. april 2010 vart denne ortografien godkjent av den samiske språknemnda Sámi giellalávdegoddi på eit møte i Karasjok.[2] Den 26. februar 2014 vart han òg godkjent av Sametingets språknemnd i Umeå, og umesamisk vart dermed eit offisielt språk.[3][4]. I praksis publiserer både dei sentrale styresmaktene og Sametinget likevel berre på tre samiske skriftspråk (sør-, lule- og nordsamisk)[5].

Revitalisering

[endre | endre wikiteksten]

Etter Salminen 2007, som også Ethnologue siterer, er det berre ein handfull eldre som snakkar umesamisk. Det er likevel revitaliseringsarbeid undervegs.

I 2008 vart den svenske språklæraren Henrik Barruk frå Storuman tildelt den nordiske språkprisen Gollegiella for arbeidet med å verne det umesamiske språket som eit levande språk.*Pulk, Åse (2008). Den samiske språkprisen Gollegiella går til Utsjok sameforening og en svensk lærer i umesamisk. NRK Sámi Radio, 12. november 2008.  I Malå har det sidan 2001 vore undervist i sørsamisk, og sidan 2010 i umesamisk.[6]

Musikkstudenten Katarine Barruk frå Storuman vart i 2012 utnemnd til «årets unge kunstnar» på festivalen Riddu Riđđu, etter å ha framført songane sine på umesamisk.[7]

Hausten 2014 vert det byrja med ei lærarutdanning i umesamisk ved Umeå Universitet. Målet er å ha ferdigutdanna tre lærarar frå og med hausten 2016.[8]

  1. United Nations Group of Experts on Geographical Names, Working Paper No. 66, Item 16 of the Provisional Agenda: Standardization in Multilingual Areas.
  2. Samisk språknemnds plenumsmøte, Giellalávdegoddi, Sametinget, 27. april 2010
  3. Nils Johan Eira: Idag tar sametinget stilling til umesamisk, NRK Sápmi, 26. februar 2014
  4. Olle Kejonen, Karen Eira: Sametinget godkänner umesamiskan, Sverges radio/Ođđasat.se, 26. februar 2014
  5. Jf. t.d. det svenske sametinget si side for samiskspråkleg innhald, og dei fleirspråklege sidene til Landsbygsdepartementet, departementet for samiske saker i Sverige.
  6. Andersson, Camilla (2011). Nytt hopp för samiskan i Malå. Sápmi, 16. mai 2011. 
  7. Pettersen, Egil (2012). Hun vil redde utrydningstruet samespråk med hip-hop. TV2, 12. juli 2012. 
  8. Eira, Nils Johan; Kejonen, Olle (2014). Språksatsning kan gi nye lærere i umesamisk. NRK Sápmi, 24. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege artiklar

[endre | endre wikiteksten]
  • Larsson, Lars-Gunnar 2012: Grenzen und Gruppierungen im Umesamischen. 198 s. Wiesbaden: Harrassowitz Verlag. (Veröffentlichungen der Societas Uralo-Altaica 83.) ISBN 978-3-447-06816-7.
  • Salminen, Tapani 2007: Endangered languages in Europe. I: Matthias Brenzinger (red.) Language diversity endangered Trends in Linguistics: Studies and Monographs 181; Berlin & New York: Mouton de Gruyter. 205–232.
  • Siegl, Florian 2017 "Ume Saami : The forgotten language" i: Études finno-ougriennes 48. DOI 10.4000/efo.7106
  • Siegl, Florian 2017 "Tryggve Sköld och umesamiskan : intryck från en oavslutad språkdokumentation" i: Norsk Lingvistisk Tidsskrift 35. 252–290
  • Barruk, Henrik 2018: Báhkuogirjjie. Ordbok. Ubmejesámien–dáruon | Dáruon–ubmejesámien. Umesamisk–svensk | Svensk–umesamisk.
  • Schlachter, Wolfgang 1958: Lexica Societatis Fenno-Ugricae XIV. 1958. XIX + 294 p. Wolfgang Schlachter, Wörterbuch des Waldlappendialektes von Malå und Texte zur Ethnographie.
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Umesamisk
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?