For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Ulv.

Ulv

Ulv
Ulv i snø Foto: Bernard Landgraf, 2005
Ulv i snø
Foto: Bernard Landgraf, 2005
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: CR Kritisk truga[1]Utbreiinga av ulv
Utbreiinga av ulv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Hundefamilien Canidae
Slekt: Canis
Art: Ulv C. lupus
Vitskapleg namn
Canis lupus
Hylende ulv.
Hovudskalle av Canis lupus.

Ulv (Canis lupus) er eit rovdyr frå hundefamilien som jagar i flokk. Ulven var tidlegare vanleg i store delar av verda, men i dag finst han berre i enkelte område i Nord-Amerika, Europa, Asia og Midtausten. Ulven var tidlegare vanleg i Noreg òg, men er nå blitt ein svært truga art i landet.[2] Vår heimlege ulveart blir kalla gråulv for å skilja han frå andre ulvetypar, som raudulv, prærieulv og etiopisk ulv. I tillegg har han gått under andre namn, som varg og gråbein.

Ulvar blir vanlegvis rundt 1 meter høge og éin til éin og ein halv meter lange. Halen er rundt ein tredjedel av heile lengda. Dei kan vega mellom 23 og 60 kg, hannane er større enn tispene.

Pelsfargen er vanlegvis grå eller gråbrun, men dyra kan òg ha andre vanlege hundefargar, som raudleg, brun, svart og kvit, det siste særleg i område der snø er vanleg. Svært gamle ulvar grånar i fargen. Dei har sjeldan mønster i pelsen, bortsett frå rundt auga.

Tamme hundar stammar frå ulvar, og sjølv om dyra skil seg frå kvarandre i lynne og utsjånad, er dei framleis same art. Ulven skil seg likevel anatomisk frå hunden på nokre område: Han har ein duftkjertel på oversida av halen som hundane manglar, han har alltid gylne auge, føtene er lengre med større labbar og kjeven er skarpare i forma.

Jaktande ulvar.

Ulvar lever i flokkar med eit strengt sosialt hierarki. Dei blir styrte av éin dominerande ulv av kvart kjønn, ofte eit par, men ikkje alltid. Dei dominerande ulvane et først av eit nedlagt bytte og kan formeira seg. Dei andre ulvane et etterpå og kan sjeldan få kvelpar som veks seg store.

Yngre ulvar forlet gjerne flokken og vandrar rundt åleine til dei finn ein ny flokk. I villmarka er vanleg levealder 6–9 år, men ulvar i fangenskap kan nå ein alder på 16 år.

Ulv og menneske

[endre | endre wikiteksten]
Ulvetispa Luna Capitolina blei sett på som ei slags stammor for Romarriket.

Menneske har lenge sett på ulvar med ærefrykt. Ein har oppfatta dyra som trugande beist, slik som til dømes Fenresulven i norrøn gudetru. Omskrivingar som varg og gråbein blei brukte for å sleppa å omtala ulven ved namn. Samstundes har menneska ønskt å ta i bruk styrken til dyra ved å bruka dei i namn, som Ulf, eller namn med ulv som element. Jentenamnet Ylva kjem òg frå dette dyret.

Dyra har hatt rolla som fosterforeldre i myten om Remus og Romulus og i den nyare Jungelboka. Ein ulv er også dyktig hjelpar i teikneserien Fantomet.

Menneske og ulvar har og vore konkurrentar om dei same byttedyra. Ein ulveflokk kan drepe opptil 144 elgar i året, og det same kan eit ulvepar utan kvelpar kan gjere det same.[3][4] Medan dei to artane slo seg saman i eit fruktbart samarbeid i form av hunden, har menneske alltid ført krig mot ulvar som tok husdyra deira. Det er òg tilfelle der ulv har drepe menneske. Dei siste 50 åra kjenner ein til at det er 17 tilfelle i Europa og Russland der ulv har drepe menneske.[5] Det siste (2017) tilfelle var ei svensk dyrepassar som vart drepen i 2012.[6]

Mount McKinleyulv.

Med det industrialiserte samfunnet er mange av leveområda til ulvane blitt øydelagde og mange av dei viktigaste byttedyra forsvunne, samstundes som ein har drive effektiv ulvejakt. På grunn av dette er ulven utrydda eller svært truga i mange område. Ein del ser framleis på ulven som trugsmål mot seg sjølv og næringsgrunnlaget sitt, og ønskjer å avgrensa arten vidare.

  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av ulv Canis lupus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 
  3. http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/1365-2656.12280/full
  4. Jakobsen, Siw Ellen (20. april 2015), «Ulven dreper flere elg enn den trenger», forskning.no (på norsk bokmål), henta 21. april 2022 
  5. Berge, Jørgen (14. januar 2017), «Kun én person har blitt drept av ulv i Norge», Nettavisen (på norsk), henta 21. april 2022 
  6. «Dyrepasser drept av ulv - arbeidstilsynet krever tiltale», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 21. april 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ulv
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Ulv
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?