For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Spikar.

Spikar

Spikar.
Foto: Arnold Reinhold
Fleire spikar.
Spikar i tre.
Foto: Marcos André

Ein spikar er ein pinneforma gjenstand, framstilt av eit hardt metall, med ein spiss i den eine enden og ei utviding («hovud») i den andre. Spikar vert nytta til å halde materiale saman, til dømes treverk mot treverk, eller treverk mot betong. I dag er det vanlegast med spiker av stål, medan i førmoderne tid blei dei gjerne laga i jern.

Spikaren verker ved at ein slår han gjennom materiala som skal festast, slik at han sit inni dei. Friksjonen mellom spikaren og materiala gjer at dei sit saman. Spesielt store er de tversgåande kreftene i ein spikar, noko som gjer at to materiale som er slått saman har ein svært stor tversgåande styrke.

Ein kan slå inn ein spikar med hammar eller spikarpistol.

Dimensjonane til ein spikar reknast ut i frå to mål; lengde og tjukkleik. Spikar delast inn i fleire kategoriar, avhengig av kvar spikaren skal nyttast og til kva slags utsjånad resultatet skal få.

To vanlege typar er stoppspikar og dykkertspikar. Kvar av desse typane kan verte behandla i ein kjemisk prosess, for å auke haldbarheita eller endre på utsjånaden.

Stoppspikar

[endre | endre wikiteksten]

Denne typen spikar nyttast primært til å feste trevirke, kor kravet til feste mellom dei to emna er viktig. Denne typen spiker vert òg kalla hammarspikar. Hovudregelen til spikaren si lengde er at han er 3 gongar så lang som tjukkleiken på det materialet som skal festast.

Stoppspikar og i bruk Stoppspikar i bruk

Dykkertspikar

[endre | endre wikiteksten]

Denne typen spikar nyttast primært til å feste materialar kor vert lagt vekt på at spikaren ikkje er så synleg. Slike spikrar gjev eit godt hald mellom materiala, men ikkje godt nok feste til ytterlegare belastingar. Typiske bruksområde er feste av listverk.

Dykkertspikar

Galvanisering

[endre | endre wikiteksten]

For å forbetre haldbarheita eller utsjånaden kan ein spikar verte galvanisert. Det er to typar galvanisering som nyttast; varmforsinka og elektrolyseforsinka (forkortast som oftast til elforsinka).

Varmforsinking aukar haldbarheita monaleg. Elektrolyseforsinking aukar haldbarheita noko, men påfører òg spikaren eit tynt blankt lag. Dette gjer spikaren blankare, og meir teneleg til innvendig bruk.

Heilt attende til tida då menneska byrja smelte om jernmalm til jern har ein kjend til metallet sin evne til å feste saman trestykke. Fram til 1800-talet vart all spikar laga for hand. Romarane laga spikrar av jern, der smedane slo spikrane firkanta. Denne spikaren vart jamnt tynnare jo nærare spissen ein kom, og hovudet var monaleg større enn i dag. På denne tida vart spikrane primært nytta til å feste kledning av treverk kring festningane, samt feste av tømmertak på hus og festningar. På den romerske festningen Inchtuthil i Perthshire, romarane sitt nordlegaste fort i Skottland, er det vorte funne 875 000 spikar (som veg 7 tonn).

Sakte vart maskiner introdusert i produksjonen. Den fyrste kjende maskina som vart brukt til produksjon av spikrar, stammar frå kring 1600. På 1800-talet hadde ein maskiner som produserte hele spikrar. Desse maskinene var tredelte, og erstatta primært dei delane ein til då hadde nytta for å lage spiker. Fyrste del forma tjukkleiken på spikaren (framleis var spikrane firkanta eller trekanta). Del nummer to heldt eit godt tak kring spikaren, medan tredje del laga hovudet. Del to vridde så spikaren 180°, for å få lengd på han.

På byrjinga av 1900-talet byrja ein å lage spikrar basert på ein rund ståltråd. Denne produksjonen var langt billegare, og difor veldig populær (sjølv om spikrar basert på ein rund tråd var opptil fire gongar svakare enn den gamle spikaren).

Framleis vert nokre spikrar produsert for hand, mest i samanheng med restaurering av gamle hus og byggverk, kor alle delane i restaureringa skal vere så autentiske som mogleg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Spikar
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?