For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Virveldyr.

Virveldyr

Virveldyr
Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris).
Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris).
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Cuvier, 1812

Virveldyr, ryggbeinsdyr eller ryggradsdyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — berre 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.

Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.

Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.

Eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Fleire endringar oppstod i stamarten til alle virveldyra, og har halde seg i meir elle mindre uendra form:

  • Forbetra hjerne og sanseapparat. Hjernedelane som allereie fanst, for- og mellomhjerne, blei utvida bakover med midthjerne, hjernebru og forlenga marg. Mellomhjernen gav opphav til linseauge, som gjer det mogleg å ikkje berre skilja mellom lyst og mørkt, men også å fokusera. I tillegg oppstod sidelinjeorganet, som mellom anna kan sansa rørsle i vatn. Eit avsnitt av dette organet blei forskjøve inn i hovudet der det danna labyrinten, eit kombinert hørsels-, likevekts- og rørsleesorgan.
  • Eit indre bruskskjelett som verna om sanseorgana, svelget og ryggstrengen. Stamarten til virveldyra hadde òg beinplater i huda, eit såkalla dermalskjelett.
  • Gjellene blei til andedrettsorgan. Gjellene som hadde oppstått i den tidlegare stamarten til deuterostomiane hadde hatt som funksjonen å leia vatnet som hamna i tarmen under næringsopptak ut.
  • Ekskresjonsorgana var ikkje lenger fordelte i heile kroppen, men blei samla til eitt par nyrer med kvar sin urinleiar.

Virveldyra kan delast inn i grupper ut frå slektskap:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Virveldyr


{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Virveldyr
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?