For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Polhavet.

Polhavet

Kart over Polhavet.
Kart over Polhavet.
Topografisk bilde av havet. (Kjelde: NASA)

Polhavet eller Nordishavet er det minste, grunnaste og nordlegaste av dei fem verdshava. Det ligg i det arktiske området rundt Nordpolen.

Trass i at det er så kaldt, er havet svært rikt på liv. Det gjev næring til mikroorganismar som igjen blir mat for fiskestimar og kvalar. Av denne grunnen har ein drive mykje fiske i Nordishavet.

Oseanografi

[endre | endre wikiteksten]

Polhavet har ei flatevidd på 14 090 000 km² og ei gjennomsnittsdjupn på 1 038 meter, noko som gjer det til det grunnaste verdshavet. Ein viktig grunn til dette er den eurasiske kontinentalplata som strekkjer seg langt nordover.

Havet er delt i to av den undersjøiske Lomonosovryggen. Den største djupna er Frambassenget, som går 4 665 meter under havoverflata.

Den viktigaste vasskjelda er Norskestraumen, siste delen av Golfstraumen, som går langs den eurasiske kysten. Vatn kjem òg inn frå Stillehavet gjennom Beringsundet, medan Aust-Grønlandsstraumen står for det meste av det utgåande vatnet.

Is i havet

[endre | endre wikiteksten]
Frose ishav. (Kjelde: NOAA)

Store delar av havet er islagt, også om sommaren. Dette gjer det vanskeleg å segla i, men skaper eit opphaldsområde for isbjørn, kvalross og selar. Det er teikn som tyder på at isen i Nordishavet kan forsvinna om sommaren, noko som trugar dyra som lever der. Dette gjeld særleg isbjørnen, som er eit landdyr, og som no kan koma til å bli utrydda.

I Polhavet finst mange naturressursar, både i form av dyreliv, som fisk og havpattedyr, mineral, som metall, sand og grus, og petroleumsfelt. Dei sistnemnde i den politiske dødsona midt i havet har ført til politisk usemje blant land som meiner dei har krav på henne – Danmark, Canada, Noreg, Russland og USA.

Isbjørnar nær Nordpolen.
Foto: Alphonso Braggs/US-Navy
}

Flora og fauna

[endre | endre wikiteksten]

Om lag 50 artar sjøfugl rugar ved Nordishavet, blant dei alker, stormfuglar, måsar, skarvar, terner og somme rovfuglartar. I månadene juni og juli hekkar fuglar i store koloniar på fuglefjell ved kysten. Fuglane får si føde frå havet. Av selar er det åtte artar i regionen, og nokre av desse føderdrivisen. Den største selarten i Polhavet er kvalrossen som blir opptil fire meter lang og eitt tonn. Selane vert jakta på av isbjørnen. Han jagar først og fremst mindre selartar. I havet finst m.a. kvalartane grønlandskval, narkval og kvitkval.

Det viktigaste plantelivet i Nordishavet er fytoplankton, som finst i store mengder i området. Fyroplanktonet får næring frå elvane som munnar ut i havet og frå havstraumar frå Atlanterhavet og Stillehavet.[1]

Polhavet er omkransa av landmassar frå Noreg, Russland, Alaska, Canada, til Grønland.

Fleire nordgåande elvar renn ut i havet, særleg frå Sibir. Petsjora, Ob, Jenisej og Lena er nokre av dei største.

Isbrytar i Nordishavet.

Dei russiske byane Murmansk og Arkhangelsk er dei viktigaste hamnene til havet. Andre hamnebyar er Churchill og Inuvik i Canada, Prudhoe Bay og Barrow i USA, Pevek, Tiksi, Dikson og Dudinka i Russland og Kirkenes og Vardø i Noreg.

Nordvestpassasjen og Nordaustpassasjen er sjøvegar som kan brukast om sommaren. Nordishavet er òg ei viktig flyrute fordi det er den kortaste vegen mellom Europa og Stillehavskysten av Amerika.

Øyar og øygrupper i Nordishavet

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Physical Nutrients and Primary Productivity Professor Terry Whiteledge. National Oceanic and Atmospheric Administration.
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Polhavet
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?