For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Ole Bull.

Ole Bull

Ole Bull

Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 5. februar 1810
Bergen
Død

17. august 1880 (70 år)
Bergen

Yrke komponist, akademisk musiker
Språk norsk
Ektefelle Sara Chapman Bull
Ole Bull på Commons
Statue av Ole Bull i Bergen

Ole Bornemann Bull (5. februar 181017. august 1880) var ein verdskjend fiolinist og komponist i romantikken. Gjennom ei utilslørt interesse for norsk folkemusikk spelte han ei særs sentral rolle når ein eigen norsk kultur skulle byggjast opp att i tida etter unionsoppløysinga frå Danmark.

Ole Bull var son av Johan Storm Bull og Anna Dorothea Borse Bull (f. Geelmuyden). Faren var apotekar på Svaneapoteket i Bergen, og der vart Ole Bull fødd. Familien hadde òg ein eigedom på ValestrandsfossenOsterøy. Her var Ole Bull fast kvar sumar frå han var liten gut, og det var her han fekk interesse for norsk folkemusikk. Men gjennombrotet i høve folkemusikken kom ikkje før Bull møtte Myllarguten i Bergen i 1831. Desse to vart vener for livet, og det var Myllarguten som lærte Bull dei første slåttane.

Eigedomen på Valestrand kjøpte Ole Bull i 1858 av mor si for 16 000 spesiedalar. Saman med broren Georg Andreas Bull bygde han eit nytt hus i sveitserstil, som vart heimen hans inntil han i 1872 kjøpte Lysøen i Os. Den nye villaen var teikna av Carl Fredrik von der Lippe, som òg har teikna Kjøttbasaren i Bergen. Ole Bull sin heim «Lille Alhambra» (i arabisk-maurisk stil og med russisk kuppeltårn) på Lysøen der Ole Bull levde dei siste 7 åra av livet sitt er i dag eit museum.

Bull som kunstnar

[endre | endre wikiteksten]

Allereie som tiåring var Bull ein framståande fiolinist. I tjueårsalderen vart han rekna som ein av Europas store virtuosar, og då han var mellom 30 og 40 år, gjorde han det verkeleg stort som artist i Nordamerika, der han pla opphalda seg om vintrane.

Robert Schumann, Mark Twain, Henry Wadsworth Longfellow, William Makepeace Thackeray og George Bernard Shaw var alle beundrarar av Ole Bull. Han var venn med Franz Liszt og mentor for Edvard Grieg, og han kjente Bjørnstjerne Bjørnson godt. George Sand brukte Ole Bull som modell for romanen Malgrètout, og Henrik Ibsen la mange av eigenskapane hans inn i eventyrpersonen Peer Gynt.

I 1850 grunnla Bull det første norske teateret. Men det var musikken som låg nærast hjartet hans. Konsertane hans i Europa og USA var umåteleg populære, og kvinner dåna når den staute, høge og visstnok svært sjarmerande nordmannen stod på scena. Han kunne ta omtrent kor mykje som helst i inngangspengar, folk kom for å høyra på han uansett.

Ettermæle

[endre | endre wikiteksten]

Det var i den storslegne sommarvillaen sin, Lysøen i Os sør for Bergen, at han enda sine dagar, med ein kvast røsslyng (favorittblomeen hans) i neven. Gravferda hans i Bergen var ifølgje rapportar den største og mest pompøse som Noreg nokon gong har sett.

Diverre pla ikkje Ole Bull skriva ned notane til musikken sin, for han hadde alle komposisjonane sine i hovudet. Difor finst det berre svært få att i dag av komposisjonane hans. Stjernestatusen hans sokk litt etter litt i åra etter at han døydde.

Ole Bulls plass i Bergen sentrum er oppkalla etter han, og sommarheimen hans på Lysøen har vorte museum med namnet Ole Bull Museum Lysøen, og vert òg nytta til konsertlokale.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ole Bull
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Ole Bull
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?