For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Nestorkrønika.

Nestorkrønika

Side i manuskript frå 1400-talet

Nestorkrønika (russisk:Повесть временных лет, Povest' vremennykh let; Fortellinga om svunne tider) er ei krønike som etter tradisjonen vart nedskriven av krønikeskrivaren Nestor. Han omtalar grunnlegginga av den austslaviske nasjonen Kiev og den fyrste tida hans frå ca 850 til 1110. Krønika har vorte datert til omkring år 1113 og nedskriven i Kievriket.

Opphav og bevaringssoge

[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege utgåva av krønika er tapt. Dei tidlegaste kjende avskriftene er Den laurentianske kodeks og Den hypatianske kodeks. Lenge var det ei utbreidd meining at den opphavlege samansettinga av manuskriptet vart gjort av ein munk med namnet Nestor, og derfor vart ho kalla Nestorkrønika eller også Det primære manusskriptet. Mellom kjeldene som forfattaren brukte var tidlege, no tapte, slaviske krøniker, bysantinske annalar, lokale legender og norrøne sagaer, fleire greske religiøse tekster, russisk-bysantiske traktatar, munnlege forteljingar frå Jan Vysjatitsj og andre krigsherrar. Nestor arbeidde ved hoffet til Svjatopolk II av Kiev og delte alt og dømme hans pro-norrøne politikk.

I år 1116 vart Nestors tekst omfattande omarbeidd av hegumenen (tilsvarande abbed) Sylvester av Kiev. Ettersom Vladimir II Monomakh verna landsbyen Vydubytsji, der Sylvester sitt kloster låg, herleggjorde den nye utgåva fyrsten og gjorde han til den sentrale figuren i seinare forteljingar. Denne andre utgåva krønika er bevart gjennom den Den laurentianske kodeks.

Ei tredje utgåve fylgde to år seinare, 1118, og vart sentrert rundt Mstislav den store, son til nemnde Vladimir. Forfattaren av denne utgåva kan ha vore gresk, ettersom han korrigerte og oppdaterte mykje av den informasjonen som omtala dei bysantinske hendingane. Denne tredje og siste utgåva er bevart i Den hypatianske kodeks.

Den laurentianske kodeks vart kopiert av munken Laurentius frå Nizjnij Novgorod. Teksta han nytta var ein kodeks sett saman i 1305 for storhertugen Mikhail av Tver. Skriftet held fram til 1305, men nokre periodar er utelatne, av ukjende grunnar. Aleksej Musin-Pusjkin fekk tak i manuskriptet i 1792 og deretter vart det bevart i Det russiske nasjonale bibliotek i St. Petersburg.

Den hypatianske kodeks vart gjenoppdaga i Ipatjevklosteret ved Kostroma av historikaren Nikolaj Karamzin. Dette manuskriptet vert datert til 1400-talet, men har teke med ei rekke opplysningar frå tapte kopiar frå 1100-talet og 1200-talet. Språket i dette verket er ein austslavisk variant av det slaviske kyrkjespråket, og inneheld mange irregulære austslaviske ord.

Krønika fortel om Russland frå dei eldste tider og fram til slutten av 1000-talet. I krønika kan ein lese om korleis det russiske riket vart til, ved at dei slaviske og finske stammene kring om Finskebukta bad hovdingen Rurik om å herske over dei. Denne legenda, den såkalla innkallinga av skandinavane, er omstridd i det russiske historikarmiljøet.

Dei fyrste avskriftene er rike på anekdotiske forteljingar. Mellom desse finst forteljingar om tre væringar, tre brør som kjem til fyrsten, om grunnlegginga av Kiev, om mordet på Askhold og Dir, om Oleg av Novgorod som vart drepen av ein slange skjult i eit skjelett på hesten hans. Samt om hemna som Olga, Igors hustru, tok over om drevlianarane som hadde myrda ektemann hennar. Notatane om arbeidet til Sankt Kyrillos og Methodios mellom slaviske folk, er også svært interessant, og Nestor fortel om korleis Vladimir den store forbaud dyrkinga av Perun og andre avgudsbilete i Kiev.

Krønika er den einaste skrivne kjelda om dei tidlege historia til dei austslaviske folka. Omtalen av staten Kiev-Rus finst ikkje andre stader. Ho har også høg verd sidan det er det eldste verket skrive på austslavisk.

Nordiske, særleg svenske, historikarar har vigd krønika stor verksemd. Utsegnene om at Rurikætta skal ha stamma frå rusane, ei austleg nemning på vikingar, har vore hovudgrunnen for denne interessa. Verket Vita Ansgari har elles opplysningar som samsvarar med Nestorkrønika når det gjeld Rurikættas svenske herkomst.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Nestorkrønika
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?