For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Møhlenpris.

Møhlenpris

Møhlenpris i Bergen
Ein av museumstrikkane frå Bergens Tekniske Museum på veg ned gjennom Møhlenpris på den lina museet har lagt frå museet, opp Olaf Ryes vei, over Nygårdshøyden og ned mot sentrum framfor Den Nationale Scene.

Møhlenpris er eit strøk i Bergenhus bydel sentralt i Bergen. Strøket strekker seg frå vestskråninga av Nygårdshøyden i aust til Damsgårdssundet i vest. Møhlenpris omfattar 0,32 km² med 2 397 innbyggarar 1. januar 2014. Puddefjordsbrua passerer over Møhlenpris.

Bydelen har namn etter Jørgen Thor Møhlen, òg kjend som Jørgen Thormøhlen. Kongen overdro området til han etter at det i mellomalderen hadde vore beitemarker for Munkeliv kloster, seinare takmark for byen med namnet Vestre Sydnes. Jørgen Thormøhlen sette opp eit trankokeri her 1671, ei reiparbane i 1678, eit saltkokeri og eit såpekokeri i 1682, og han hadde òg ei oljemølle og ei tønnemakarbu (bøkkarbu) her. Thormøhlen gjekk konkurs i 1696, og verksemdene vart deretter avvikla med tida, med unnatak av saltkokeriet, som svigersonen tok over i 1719.

Verksemdene til Thormøhlen hadde gjeve grobotn for ein forstad med 600–700 fastbuande, men elles var området for det meste berre opne marker då det vart innlemma i Bergen by i 1877. Utbygginga tok til då Olaf Ryes vei vart bygd i 1880 som hovudåre opp til Nygårdshøyden, og gav beinveges samband til sentrum. Området vart regulert som små kvartal i ein kvadratisk plan, med større husvære med høgare standard i leigegardane mot Nygårdsparken. Mjellem & Karlsen mekaniske verksted, skipa i 1894, med verksemda si i Thormøhlens gate i området, bidrog til utbygginga av leigegardar for å gje sine arbeidarar husvære i nærleiken av arbeidsstaden.

I 1899 vart Møhlenpris idrettsbane (kalla legepladsen) teke i bruk, og i 1911 vart det lagt trikkeline til Møhlenpris, og Bergens elektriske Sporvei la i 1913 administrasjonen og trikkehallen med verkstader, no Bergens Tekniske Museum, til Thormøhlens gate. Møhlenpris skole vart teke i bruk i 1912. Kommunen reiste bustadblokker på nedsida av Professor Hansteens gate i åra frå 1918 for å avhjelpe husnauden etter bybrannen i 1916, Puddefjordsbrua kom i 1956, og tunnelen gjennom Nygårdshøyden i 1984.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Møhlenpris
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?