For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Luxemburgsk.

Luxemburgsk

Luxemburgsk
Lëtzebuergesch
Andre namn Luxembourgsk
Klassifisering Indo-europeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Luxemburgsk
Talarar Luxemburgarar
Bruk
Tala i  Luxembourg,  Belgia
Område Flagget til EU Vest-Europa
Luxemburgsktalande i alt 300 000
Skriftsystem Latinsk
Språkkodar
ISO 639-1 lb
ISO 639-2 ltz (B)
Wikipedia på luxemburgsk

Luxemburgsk eller luxembourgsk (Lëtzebuergesch) er eit offisielt språk i Luxemburg, nærskyldt med tysk.

Luxemburgsk liknar dialektane som blir talt i dei tilgrensande delane av Tyskland. Sidan luksemburgsk i 1984 fekk status som offisielt språk i Luxemburg, ved sida av tysk og fransk, blir det i dag rekna som eit sjølvstendig språk.

Luxemburgsk er likevel ikkje eit offisielt EU-språk. Det kan ha samanheng med at fransk enno er offisielt lovspråk i Luxemburg.

Språkhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Språket var lenge berre eit talespråk, rekna som ein tysk dialekt med mange franske lånord. Dialekten ligg nær dei mosel-franskiske dialektane i Tyskland.

5. juni 1946 fekk språket ei offisiell rettskriving – «ofizjel lezebuurjer ortografi». I 1975 innførte regjeringa i Luxemburg ei ny rettskriving, «Offiziell Lëtzebuerger Orthographie»; denne følgjer i større grad tyske konvensjonar.[1]

Utbreiing av luxemburgsk talespråk

Den luxemburgske språklova av 24. februar (skriven på fransk) slår fast at

  1. Luxemburgs statsspråk er luxemburgsk.
  2. Lovtekstane i landet skal publiserast på fransk.
  3. Styresmaktene kan eitter eige val bruke luxemburgsk, tysk eller fransk.
  4. Dersom nokon kontaktar styresmaktene på luxemburgsk, tysk eller fransk, så skal dei svare i det same språket.

Luxemburgsk er kvardagsspråket i Luxemburg. Gateskilt er skrivne på luxemburgsk både i Luxemburg og delar av Belgia. Private brev er oftast skrivne på luxemburgisk, medan offisielle publikasjonar oftare blir skrivne på fransk.

Avisene er for ein stor del skrivne på tysk.

Undervisning i grunnskolen skjer på luxemburgsk, mens elevane lærer fransk frå andre klasse. Frå og med niande klasse kan ein velje om ein vil ha undervisninga utelukkande på luxemburgsk eller fransk.

Dei siste åra er det vorte vanlegare med luxemburgsk musikk, fjernsyn og filmar.

Nokre døme på språket

[endre | endre wikiteksten]

I luxemburgsk blir verba bøygde i person og tal:

wunnen drénken
ech wunnen drénken
du wunns drénks
hien, si, hatt wunnt drénkt
mir wunnen drénken
dir wunnt drénkt
si wunnen drénken
  • Jo = ja
  • Nee = nei
  • Moien = hei
  • Äddi = adjø
  • Vielmols Merci = tusen takk
  • Wann ech gelieft (w.e.g.) = versågod
  • Ëntschëllegt eller pardon = orsak
  • Wéi geet et ? = Korleis går det ?
  • Ech well ... = Eg vil ha ...
  • Ech hun dech gären. = Jag elskar deg.
  • Ech kommen aus Lëtzebuerg = Eg kjem frå Luxemburg.

Ë på luxemburgsk blir uttalt som kort E.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. [Om luxemburgsk på allkunne.no]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Luxemburgsk
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?