For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Lingala.

Lingala

Lingala
Lingála
Klassifisering Nigerkongo-språk
 Atlantisk
  Voltakongo-språk
   Benuekongo-språk
    Bantoid
     Sørbantoid
      Eigenleg bantuspråk
       Nordvestleg
        Sone C
         Bangi-ntomba-språk
Bruk
Tala i  Den demokratiske republikken Kongo
 Republikken Kongo
Lingalatalande i alt 2 141 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Den demokratiske republikken Kongo
 Republikken Kongo
Språkkodar
ISO 639-1 ln
ISO 639-2 lin
ISO 639-3 lin
Wikipedia på lingala

Lingala (lingala lingála) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien som blir snakka i Den demokratiske republikken Kongo og Republikken Kongo. Det er offisielt språk i begge desse landa, og det er omtrent åtte millionar andrespråkstalarar, i tillegg til dei to millionane som har det som morsmål. Det blir òg til ei viss grad snakka i Angola og Den sentralafrikanske republikk.

Utbreiinga av lingala i Afrika.

Lingala stammar frå bobangi, eit språk som vart snakka langs Kongoelva mellom Lisala og Kinshasa. Bobangi fungerte som eit regionalt handelsspråk før skipinga av Fristaten Kongo. I dei to siste tiåra av det nittande hundreåret, før Leopold II av Belgia sine troppar erobra området og byrja kommersiell utnytting av det, auka nytta av bobangi. Språket vart lært av og påverka av vestlege mellommenn og tolkar. Koloniadministrasjonen, som trong eit fellesspråk for regionen, byrja å bruke språket til misjons- og administrative føremål, og kalla det bangala for å skilje mellom det og det gamle bobangi. Språket utvikla naturleg nok trekk vanlege for andre pidginspråk; til skilnad frå andre lokale bantuspråk er setningsstrukturen, ordstillinga og lydsystemet forenkla, og dei som snakkar det låner ofte ord og konstruksjonar frå andre språk dei kan.

Rundt hundreårsskiftet 1900 byrja misjonærar frå CICM eit prosjekt for å «reinse» språket, og gjere det til eit «reint bantuspråk» att. Bruken av lingala har med åra vakse i takt med innverknaden til språket sitt hovudområde, Kinshasa.

Lingala har sju vokalfonem, fordelt på fremre og bakre vokalar.

Fremre Bakre
Trong i u
Halvtrong e o
Halvopen ɛ ɔ
Open a

Konsonantar

[endre | endre wikiteksten]

Der konsonantar opptrer i par er den til høgre stemt.

Labial Alveolar Post-
alveolar
Palatal Velar
Nasal m n ɲ
Plosiv p b t d k g
Frikativ f v s z ʃ (ʒ)
Approksimantar l j

Lingala er eit tonespråk, dvs. at tone er tydingsskiljande i minimale par. Språket har to tonar, vanleg (låg) og høg. Høg tone vert markerte i skriftspråket med akutt aksent (´). Døme på minimale par er moto «menneske» mot motó «hovud», kokoma «å skrive» mot kokóma «å kome».

Grammatikk

[endre | endre wikiteksten]

Som alle andre bantuspråk har lingala eit substantivklassesystem der substantiv blir klassifisert etter kva for eit prefiks de har og kva for prefiks de utløyser i samsvarsbøying. Tabellen under viser substantivklassene i lingala, og bruker talsystemet som er vanleg i skildringa av bantuspråk (sjå bantuspråk for meir informasjon).

klasse prefiks døme omsetjing
1 mo- mopési «tenar»
2 bad- bapési «tenarar»
3 mo- mokíla «hale»
4 mi- mikíla «halar»
5 li- liloba «ord»
6 ma- maloba «ord» (fleirtal)
7 e- elokó «krukke, steinflaske»
8 bi- bilokó «krukker, steinflasker»
9 m-/n- ntaba «geit»
10 m-/n- ntaba «geiter»
9a Ø- sánzá «måne»
10a Ø- sánzá «månar»
11 lo- lolemo «tunge»
14 bu- bosoto «skit»
15 ko- kotála «å sjå/sjåande»

Dei einskilde klassene utgjer par av eintal/fleirtal. Oddetalsklassene 1–9 tek partallsklasseen 2–10 i fleirtal. Unntak frå dette er at mange hushaldningsord i klasse 9 tek prefiks frå klasse 2 (lutu «skei», balutu «skeier»). Ord i klasse 11 tek som regel klasse 10 i fleirtal. Dei fleste orda i klasse 14 (mengdeord, abstrakt) tek som regel ikkje fleirtal.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Lingala
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?