For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Jamalo-Nenetsk.

Jamalo-Nenetsk

Jamalo-Nenetsk
Ямало-Ненецкий автономный округ
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Vest-Sibir
Del av Den uralske føderasjonskrets
Hovudstad Salekhard
Areal 683 976 km²
Folketal 547 010 (2021)[1]
Språk russisk
Tidssone UTC +5
Bilnummer 89
Kart
Jamalo-Nenetsk
67°15′00″N 74°40′00″E / 67.25°N 74.666666666667°E / 67.25; 74.666666666667
Wikimedia Commons: Yamalo-Nenets Autonomous Okrug

Jamalo-Nenetsk[a] er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 683 976 km² og innbyggjartalet er 547 010 (2021). Den største byen er Nojabrsk.

Jamalo-Nenetsk ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lågland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella – det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 m.o.h.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Berre i sør finst det litt skog. Middeltemperaturen i januar er –25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.

I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamalo-Nenetsk. Over 90 % av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.

Grunna oljenæringa har Jamalo-Nenetsk hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no berre ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:[2]

Området har vore busett av nenetsar iallfall sidan det første tusenåret e.Kr. På 1000-talet kom kjøpmenn frå Novgorod til dette området. Sidan rundt 1500 hevda herskarane i Moskva overherredøme, men først i 1595 vart det første russiske støttepunktet oppretta - festninga Obdorsk (dagens Salekhard). Utover 1700-talet utvikla dette seg til ein handelsplass der russiske handelsfolk bytte til seg pelsverk, fisk, elfenbein av mammut og kvalrosstenner.

Etter den russiske revolusjonen vart sovjetisk styre oppretta i april 1918. Det jamalo-nenetsiske nasjonale distrikt vart oppretta i 1930. I Stalin-tida fanst det fangeleirar som var del av gulag-systemet her, og slavearbeidskraft frå desse leirane bygde mellom anna ei jernbanelinje austover frå Salekhard.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart området eit av føderasjonssubjekta i den uavhengige russiske føderasjonen.

  1. russisk Ямалия Jamalia. Offisielt Ямало-Ненецкий автономный округ Jamalo-Nenetskij avtonomnyj okrug

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jamalo-Nenetsk
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Jamalo-Nenetsk
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?