For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Heraldiske våpen.

Heraldiske våpen

Teoretiske proporsjonar for triangelforma heraldiske skjold. I praksis varierer dette noko meir.

Heraldiske kjenneteikn er våpenskjold som opphavleg kjem frå figurar og fargar nytta av riddarar i mellomalderen for å verta gjenkjende i kamp. Hovudelementet i eit våpenskjold er det som står i sjølve skjoldet: minst to fargar og ein eller fleire stiliserte figurar (kalla «heroldsfigurar», engelsk ordinaires) og/eller allmenne figurar (engelsk charges). Sidan våpenskjolda i mellomalderen vert systematiserte av stormennene sine heroldar, vert læra om våpenmerke kalla heraldikk.

Skjoldet og fargane

Skjoldet (engelsk escutcheon) kan delast opp i fargefelt, forma som heroldsfigurar. Fargane (kalla «tinkturane») kan vera symbolske, men oftast kjenner me ikkje til kvifor eit våpenmerke har den eine eller den andre fargen. Tinkturane er delt inn i metall og fargar. Metall er gull/gult (engelsk or) og sølv/kvitt (argent) Fargar er raudt (gules), blått (azure ), svart (sable), grønt (vert), og purpur/lilla/fiolett (purpure). Å gje kvar av desse tinkturane ein symbolikk blir mest spekulasjonar utan generell verde.

Heroldsfigurar

Heroldsfigurar
Heroldsfigurar
Heroldsfigurar
Heroldsfigurar
Heroldsfigurar
Heroldsfigurar

I skjolda er det ulike geometriske inndelingar (engelsk ordinaries). Desse er ganske enkle og ikkje like fantasieggjande som dei andre våpenmerka. Nokre døme på desse figurane er ulike bjelkar, krossar eller sirklar.

Her kjem ei forklaring på kva nokre av desse figurane er heilt fritt tolka som å symbolisere:

Skråbjelke har vore tolka som å representere eit bandolær eller ein stormstige. Når den står den andre vegen, vert den kalla ein venstre (sinister) skråbjelke.

Tverrbjelke meiner nokre folk stammar frå eit militært belte, dei meir pragmatiske meiner det ganske enkelt kjem frå måten ein konstruerte skjold på i gamle dagar.

Stolpe meiner nokon kjem frå trepålane ein nytta for å bygga palisadar og denne figuren symboliserer krigaren sin styrke og uthald.

Spiss eller kile tolkar nokon som å stå for ein stake som ein nytta for å konstruere militære bruer, men spissen (som med tverrbjelken) er kanskje berre ein gjenklang av korleis ein konstruerte skjold

Sparre kan vera meint som symbol for vern. Variantar er kupert (når dei ikkje går ut til kantane) og toppsparre (når den går ut til øvste kant).

Kross kjenner ein til minst hundre typar av i heraldikken. Krossen er eit kristent symbol knytt til Jesu krossfesting og vart nytta på skjold under krosstoga. Krossen er eit av dei eldste figurane på våpenskjold.

{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Heraldiske våpen
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?