For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Helhalvøya.

Helhalvøya

Helhalvøya sett frå satellitten Landsat i 2000.
Kiting ved Helhalvøya

Helhalvøya (polsk Mierzeja Helska; kasjubisk Hélskô Sztremlëzna; tysk Halbinsel Hela eller Putziger Nehrung) er ein 35 km lang sandbanke nord i Polen som strekkjer seg ut mellom Puckabukta på innsida og Austersjøen på utsida. Ho ligg i Puck fylke i Pommerske voivodskap.

Breidda på halvøya varierer frå om lag 300 meter nær Jurata, til 100 meter på dei smalaste delane og over 3 km ved enden. Sidan halvøya berre består av sand, vert ho stundom omgjort til ei øy under vinterstormar. Fram til 1600-talet var halvøya ei rekkje øyar som berre danna ei stripe med land om sommaren.

Det går ein veg og ein jernbane lands halvøya frå fastlandet til byen lengst ute, Hel, ein populær turistdestinasjon. Andre byar, hamner og turistbyar langs halvøya er Jurata, Jastarnia, Kuźnica, Chałupy og Władysławowo.

Etter at halvøya vart ein del av Den andre polske republikken etter den første verdskrigen vart ho militært viktig og vart omgjort til ein festningsregion med ein garnison på om lag 3000 mann. Under slaget ved Hel i 1939 nytta dei polske styrkane dynamitt og sprengd halvøya slik at ho vart ei øy.

I år under tysk okkupasjon (1939-1945) vart Hel utnytta vidare og det vart bygd eit batteri for tre 406 mm store kanonar, men desse vart aldri montert. Halvøya var kontrollert av tyskarane til slutten av den andre verdskrigen, og forsvarsstyrkane deira overgav seg 10. mai 1945.

Etter krigen vart Hel verande ein militært viktig plass og mykje av området vart nytta til militære føremål. Det vart sett opp fleire kanonar i 1940- og 1950-åra. I dag er mange av festningsverka og batteria opne for turistar, men enkelte område høyrer framleis til den polske hæren.

54°38′30″N 18°46′53″E / 54.64167°N 18.78139°E / 54.64167; 18.78139

{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Helhalvøya
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?