For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Halsbandflugesnappar.

Halsbandflugesnappar

Halsbandflugesnappar
Halsbandflugesnapparhann
Halsbandflugesnapparhann
Halsbandflugesnapparhann
Halsbandflugesnapparhann
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Ficedula
Art: Halsbandflugesnappar F. albicollis
Vitskapleg namn
Ficedula albicollis

Halsbandflugesnappar (Ficedula albicollis) er ein liten svartkvit fugl i flugesnapparfamilien.[1] Fuglen hekkar i austre Europa, men og isolert på Øland og Gotland. Vinteren held fuglen seg i det sentrale Afrika.

Utsjånad og læte

[endre | endre wikiteksten]

Halsbandflugesnapparen er ganske lik dei nære slektningane svartkvit flugesnappar (Ficedula hypoleuca), balkanflugesnappar (Ficedula semitorquata) og atlasflugesnappar (Ficedula speculigera). Den adulte fuglen vert om lag 13 cm lang og 12-18 gram tung. Hannen er om våren hovudsakleg svart på oversida og kvit på undersida, med ein kvit krage, eit stort kvitt felt på venga og ein markant kvit flekk i panna. Hoa er brungrå på oversida og manglar det kvite halsbandet, og har ingen eller berre ein liten kvit panneflekk. Velet er svart på oversida, men sume fuglar har kvite felt på dei ytste velefjørene (hoene og ein del yngre hannar). Unge hannar har brune handsvingfjør etter som desse ikkje vert felte om vinteren. Ei komplett felling kjem om sommaren. I haustdrakt vert hannane meir brungrå og liknar hoene. Det kan vere vanskeleg å skilje fuglane frå andre Ficedula-artar. Det hender at halsbandflugesnappar hybridiserer med svartkvit flugesnappar og balkanflugesnappar.

Halsbandflugesnapparen si lokke- og varselslæte er ei tynn plystring, iihp.[2] Sangen skil seg sterkt frå den nære slektningen svartkvit flugesnappar, ein serie pressa plystrelåtar med stort tonekliv.[2]

Utbreiing og taksonomi

[endre | endre wikiteksten]

Halsbandflugesnapparen hekkar vår og sommar på Gotland, Øland og det austre Europa frå det austlegaste Frankrike og synste Tyskland austover til sentralt i den europeiske delen av Russland og i Ukraina, og sørover til Italia og nordre Makedoni.[3] Fuglen er trekkfugl som overvintrar i sentrale deler av Afrika i Kongobekkenet.

Ein brukar ikkje dele denne arten i underartar. Tidlegare vart balkanflugesnapparen (Ficedula semitorquata), rekna som ein underart F. a. semitorquata til halsbandflugesnapparen.[4]

Ein hannfugl vitjar ei fuglekasse.

Biotop og hekking

[endre | endre wikiteksten]

Denne arten høyrer heime i lauvskogar, parkar, enger og hagar, og vel gjerne eldre skog. Reidet vert lagt i holrom i tre, og gjerne i fuglekasser. Det består av turt gras blanda med små remser av bork. Hoa legg fem til sju egg som vert ruga i om lag 14 dagar. Ungane kan flyge etter to veker.

Hybridisering

[endre | endre wikiteksten]

Halsbandflugesnapparen hybridiserar i lita utstrekning med svartkvit flugesnappar og balkanflugesnappar. Hybridhoene er sterile medan hannane kan reprodusere seg. Hybridhannar har istaden redusert reproduktiv framgang då partnarane er utrugne i stor utstrekning.

Fuglane et først og fremst insekt og larvar.[3]

Status og trugsmål

[endre | endre wikiteksten]

Arten har eit stort utbreiingsområde og ein stor populasjon, og individtalet er truleg aukande.[5] Utifrå desse kriteria kategoriserer den internasjonale naturvernunionen IUCN arten som livskraftig (LC).[5] Verdspopulasjonen (som stort sett hekkar i Europa) reknar ein å vere mellom drygt 1,5 millionar og drygt tre millionar hekkande par.[5]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, D. Roberson, T. A. Fredericks, B. L. Sullivan, and C. L. Wood (2015) The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 2015 http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download, henta 11. februar 2016
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars; Peter J. Grant, Killian Mullarney, Dan Zetterström: Fågelguiden: Europas och Medelhavsområdets fåglar i fält, 2009, s. 341. ISBN 978-91-7424-039-9. 
  3. 3,0 3,1 Taylor, B. (2020). Collared Flycatcher (Ficedula albicollis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta frå https://www.hbw.com/node/59049 28 april 2020).
  4. Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  5. 5,0 5,1 5,2 BirdLife International. 2019. Ficedula albicollis (amended version of 2017 assessment). The IUCN Red List of Threatened Species 2019: e.T22709315A155539425. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2017-1.RLTS.T22709315A155539425.en. Accessed on 26 April 2023.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Halsbandflugesnappar
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?