For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Halikarnassos.

Halikarnassos

37°02′N 27°26′E / 37.033°N 27.433°E / 37.033; 27.433

Halikarnassos
by
Ruinane av Mausoleion, eit av dei sju underverka.
Land  Tyrkia
Kart
Halikarnassos
37°02′16″N 27°25′27″E / 37.037778°N 27.424167°E / 37.037778; 27.424167
Wikimedia Commons: Halicarnassus

Halikarnassos (dagens Bodrum) er ein antikk gresk by på den sørvestlege kysten av Karia i Vesleasia, på ein pittoresk og fordelaktig plassering ved Den kermike bukta eller Kosbukta. Opphavleg bestod han berre av den vesle øya Zefyria nær strandlinja, der Bodrumborga no ligg, bygd av Rhodosriddarane i 1404, men i løpet av tida vart denne øya sameint med fastlandet og byen strekte seg til å innehalde Salmakis, ein eldre by til lelegene og karianarane.

Om grunnlegginga av Halikarnassos eksisterer ulike tradisjonar, men dei er samde i hovudpunktet om at det var ein dorisk koloni, og figurane på myntane deira, som hovudet til Medusa, Athene og Poseidon, eller tridenten, støttar påstanden om at moderbyene var Troezen og Argos. Innbyggjarane ser ut til å ha akseptert Anthes som den legendariske grunnleggjaren deira, nemnt av Strabon, og var stolte over tittelen Antheadae.

I ein tidleg periode var Halikarnassos medlem av den doriske Heksapolis, som inkluderte Kos, Knidus, Lindus, Kamirus og Ialysus. Men då ein av innbyggjarane, Agasikles, valde å ta heim ein premietripod som han hadde vunne i dei triopiske leikane i staden for å dedisere han, etter skikkane, til den triopiske Apollo, vart byen utelukka frå forbundet. Tidleg på 400-talet var Halikarnassos under Artemisias styre, som gjorde seg kjend som sjøkommandant under slaget ved Salamis. Om Pisindalis, sonen hennar og etterfølgjar, veit ein lite, men Lygdamis, som fekk makta etter dette, er kjent for å ha drepe poeten Panyasis og fekk Herodot, den største av halikarnassarane, til å forlate sitt fødedstaden (rundt 457 fvt.).

På 400-talet fvt. var Halikarnassos og andre doriske byar i Asia til ei viss grad absorbert av det deliske forbundet, men freden i Antalkidas i 387 underla dei Persia, og det var under Mausolus, ein persisk satrap som tok uavhengig autoritet, at Halikarnassos hadde den mest velståande perioden sin. Med den vene naturen og den flotte plasseringa, flytta Mausolus til Halikarnassos frå Mylasa, og auka folkesetnaden i byen med innbyggjarane frå seks landsbyar av lelegar. Han vart etterfølgt av Artemisia som viste seg militært dugande og tok dei rhodesiske undersåttane som gjekk til åtak på byen hennar. Ho reiste Mausoleion, monumentet ho reiste til minne om mannen sin, som var eit av dei sju underverka.

Ein av etterfølgjarane hennar, Pixodarus, freista å alliere seg med Makedonia, som var i ferd med å bli mektigare, og er sagt å ha fått lov av den unge Aleksander til å gifte seg med dottera hans. Ekteskapet vart rett nok hindra av Filip. I løpet av dei tidlege felttoga til Aleksander, tok Memnon, den viktigaste satrapen i Vesleasia, tilflukt med den persiske flåten i Halikarnassos. Så snart han hadde lagt under seg Jonia, kravde Aleksander at Halikarnassos skulle overgje seg, og då byen nekta tok erobra Aleksander byen og øydela han. Då han ikkje var i stand til å erobre citadellen, vart Aleksander tvinga til å forlate byen under blokade. Han gav styret av byen tilbake til Mausolus-familien, representert av Ada, systera til Mausolus. Ikkje lenge etterpå fekk innbyggjarane eit gymnasium som gåve frå Ptolemaios I, og innbyggjarane bygd ein stoa til ære for han. Halikarnassos kom aldri heilt tilbake etter den øydeleggjande kringsetjinga, og Cicero skildrar han som nesten folketom. Staden er no okkupert delvis av byen Bodrum, men dei antikke murane kan framleis følgjast rundt nesten heile byen, og fleire av templa, teateret og andre offentlege bygg er framleis synlege.

  • Denne artikkelen bygger på «Halikarnassus» frå Wikipedia på bokmål, den 27. august 2012.
  • CT Newton and RP Pullan, History of Discoveries at Halicarnassus (1862—1863)
  • J Fergusson, The Mausoleum at Halicarnassus restored (1862)
  • E Oldfield, "The Mausoleum," in Archaeologia (1895)
  • F. Adler, Mausoleum zu Halikarnass (1900)
  • JP Six in Journ. Hell. Studies (1905)
  • WB Dinsmoor in Amer. Journ. of Arch. (1908)
  • JJ Stevenson, A Restoration of the Mausoleum of Halicarnassus (1909)
  • JBK Preedy, "The Chariot Group of the Mausoleum," in Journ. hell. Stud., 1910.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Mausolus grav (W. R. Lethabys rekonstruksjon av mausloeet, 1908)
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Halikarnassos
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?