For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Giovanni Segantini.

Giovanni Segantini

Giovanni Segantini

Statsborgarskap Kongedømet Italia, Austerrike-Ungarn
Fødd 15. januar 1858
Arco
Død

28. september 1899 (41 år)
Schafberg

Yrke kunstmålar, biletkunstnar
Sjanger portrett
Born Gottardo Guido Segantini, Mario Segantini
Giovanni Segantini på Commons

Giovanni Battista Segantini (15. januar 185828. september 1899) var ein italiensk målar, kjend for sine storfelte landskapsmåleri frå Alpane. Han var ein av dei mest vidkjende målarane i Europa mot slutten av 1800-talet, måleria hans vart kjøpt opp av store kunstmuseum. Etterkvart kombinerte han ein pointillistisk målarstil med symbolistiske bilete av naturen. Han var ein av dei tidlege friluftsmålarane, arbeidde det meste av livet i Sveits.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Segantini vart fødd i Arco i Trento som den gongen var underordna Tyrol og keisarriket Austerrike-Ungarn. Fram til Giovanni var sju år gammal, reiste far hans ofte og vide på jakt etter forteneste som seljar. Med ei sjukleg mor vart desse åra prega av fattigdom, svolt og lite utdanning.

Våren 1865 døydde mor hans. Faren let då Irene, den eldre halvsystera til Giovanni, ta hand om guten. Sjølv reiste faren vekk på arbeid. Året etter døydde han, utan å ha vore heimom. Utan arv venta det Irene og Giovanni eit liv i fattigdom. Irene tok på seg dårleg betalt arbeid og tenester, så Giovanni måtte mykje klare seg sjølv.

Irene håpte på eit betre liv i Milano. Ho søkte om å få oppheva den austerrikske statsborgarskapen for seg og Giovanni, noko som vart etterkome. Av ein eller annan grunn vart det ikkje søkt om italiensk statsborgarskap, så både ho og broren vart verande statslause livet ut. Seinare, då Segantini hadde vorte berømt, tilbaud Sveits han statsborgarskap, noko han fleire gongar avslo.

Etter ei tid som gategut i Milano vart Segantini sett i forbetringsanstalt. Ein prest ved institusjonen oppdaga at guten var flink å teikne og oppmuntra han for å styrke sjølvrespekten hans. I 1873 kom halvbroren Napoleon og henta Giovanni frå anstalten. Det neste året arbeidde han i fotoatelieret hos halvbroren i Trento. Der lærte han seg det grunnleggjande ved dette, då relativt nye, faget. Seinare gjorde Segantini seg nytte av fotografi som motiv til ein del av måleria sine.

I 1874 reiste Segantini tilbake til Milano, der han tok del i undervisninga på ein kunstskule. Han vart kjend med medlemer av Scapigliatura-rørsla, ei gruppe målarar, poetar, forfattarar og musikarar som ynskte å viske ut skiljet mellom kunsten og livet. Mellom dei næraste venene den tida fann ein Carlo Bugatti og Emilio Longini, som begge påverka interessene og verka hans.

Segantinis fyrste større arbeid, Il Coro di Sant'Antonio, vart lagt til merke grunna det kraftige uttrykket. Biletet vart i 1879 kjøpt av kunstforeininga i Milano. Målaren og gallerieigaren Vittore Grubicy var sidan både rådgjevar, seljar og ei finansiell støtte. Han gjorde Segantini kjent med verk av Anton Mauve og Jean-François Millet, to målarar Segantini let seg påverke av i fleire år.

I 1879 innleia Segantini livslang kjærleik til Bice Bugatti, systera til Carlo Bugatti. Ettersom Segantini var statslaus, kunne dei ikkje lovleg gifte seg, så dei bestemte seg for å leve i lag ugift. Dette førte til fleire konfliktar med den katolske kyrkja, som dominerte kulturen i heile regionen. Av og til måtte dei flytte for å unngå lokal fordømming.

Frå 1888 heldt Segantini til i høglandet under Alpane. Og høgfjellsnaturen vart hans kjæraste motiv. Måleria syner grasmarker og små vatn omkransa av snøfjell, med rein og gjennomsiktig luft, klare og bjarte fargar. Med husdyr og fjellbønder i daglege virke. Han måla det kvasse solskinet og stråle-gløden over snøen, og dei kjølege kveldsskuggane og skumringa over vide vidder. Truverdig og overbevisande synte bileta den majestetiske roa i den veldige natta.

Stilistisk kan verka til Segantini ha drag av pointillisme, impresjonisme og symbolisme, men alt i ei særeiga tapping.

Segantini døydde i Pontresina, 41 år gammal.

Utvalde verk

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Giovanni Segantini
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Giovanni Segantini
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?