For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Findalslaft.

Findalslaft

Oppriss og snitt av findalslaft, det vanlegaste laftehogget i mellomalderen. Laftehalsen ligg i nedre del av stokken.

Findalslaft er ei gammal type laftehogg frå tidleg mellomalder, det vil seia før svartedauden. Denne laftetypen er den eldste i Noreg. Findalslaftet er karakterisert ved at laftehalsen sit i nedre del av stokken. Laftet kan ha kinning anten i underkant eller i overkant.

Findalslaft er berre kjent i hus frå mellomalderen, denne laftetypen kan difor gjera at ein med stor tryggleik kan datera hus til denne historiske perioden. Findalslaft er kjent frå verna bygningar og utgravne bygningsrestar.

Under feltarbeid i Numedal, truleg i 1930-åra, intervjua Hilmar Stigum ein gammal numedøl som kalla denne typen laft med hals i nedre del av stokken for ‘’findalslaft’’. Stigum gjekk ut frå at det hadde opphav i ordet «fyrndarlaft», altså gammaldags eller oldtidslaft. Dette var ei nemning som blei brukt av tømmermenn som hogg meir moderne typar laft.[1]

Det er to hovudtypar findalslaft, ein med kinning i nedre del av laftet, og ein med kinning i øvre del.

Ein tenkjer seg at då lafting vart kjent i Noreg, var det ein teknikk som kom utanfrå, med findalslaft og runde stokkar.[2]

Findalslaft finst på bygningar med rundtømmer, men denne laftetypen er òg nytta på bygningar oppført av ovalt telja tømmer. Arne Berg går ut frå at skiljet mellom bygningstømmer av rundstokkar og ovale stokkar har med økonomi å gjera. Grovt tømmer som kunne øksast ovale utan at veggen blei tynnare var noko berre velståande hadde råd til.[3]

Forma på laftehovud og laftehals var uavhengig av kvarandre.[4]

Raulandslaft er ein type laft som kom i bruk i løpet av mellomalderen. Han har namn etter Raulandstua frå Numedal som no står på Norsk Folkemuseum, den eldste bygningen med denne typen laftehogg. På grunnlag av dekor og ei runeinnskrift blei huset datert til ca. 1250; i dag er huset eksakt datert til år 1238. Laftehalsen i raulandslaft er plassert midt i stokken, og teknisk sett er dette ei betre løysing; laftehovudet sit betre fast på stokken. Lengda til laftehovudet har tyding, og findalslaft har ofte lengjer laftehovud enn hus med raulandslaft.[5]

Findalslaft og raulandslaft blei begge brukte i mellomalderen, om kvarandre på same tid.[6]

Det finst òg ulike variantar av findalslaft som viser påverknad frå raulandslaft.[7]

I Sverige brukte ein findalslaft òg i yngre hus, oppført etter svartedauden.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.85
  2. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.85
  3. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.87
  4. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.87
  5. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.91
  6. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.91
  7. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.93
  8. Arne Berg: Om lafting i Noreg i mellomalderen. Et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. 1997. s.96

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Christie, Håkon; Stornes, Jan Michael; Storsletten, Ola, red. (1997). Arne Berg : et utvalg av hans artikler om bygningshistorie samlet i anledning hans 80-års dag. Alvheim & Eide akademisk forl. ISBN 8290359616. 
  • Hilmar Stigum: «The Study of Man». Evolusjonstanken og det historiske forløp. By og Bygd 1946.
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Findalslaft
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?