For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Edinburgh.

Edinburgh

Edinburgh
Dùn Èideann
by
Våpenskjold
Motto: Nisi Dominus Frustra
«Ta imot Herren i forgjeves»
Kallenamn: «Auld Reekie», «Athens of the North»
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region City of Edinburgh
Distrikt Sameint styresmakt
Areal 259 km²
Folketal 488 050 (2016)
Grunnlagd Før 600-talet
Postnummer EH
Retningsnummer 0131
Kart
Edinburgh
55°57′12″N 3°11′21″W / 55.953333333333°N 3.1891666666667°W / 55.953333333333; -3.1891666666667
Wikimedia Commons: Edinburgh
Edinburgh frå Calton Hill.

Edinburgh (skotsk-gælisk Dùn Èideann) er hovudstad og den nest største byen (etter Glasgow) i Skottland. Administrativt utgjer han saman med omlandet regionen City of Edinburgh. Han ligg ved breidda av Firth of Forth.

Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er no sete for Parlamentet i Skottland, som vart gjenoppretta i 1999. Både den gamle og den nye byen vart tekne inn på verdsarvlista til UNESCO i 1995.

Ein meiner at namnet på byen kjem frå brittonsk Din Eidyn, Fortet til Eidyn. Dette stammar frå tida da området høyrte til Gododdin, i tidleg mellomalder.

Etter å ha vorte teken av anglarar frå Bernicia vart namnet endra til Edin-burh. Enkelte har hevda at dette tyder Edwin-fort, etter Edwin av Northumbria, men namnet ser ut til å vera frå før tida hans, og det er større grunn til å tru at det er ei forvansking av det brittonske namnet.

Byen har au kallenamnet Auld Reekie (Gamle røykfylte). Den neoklassiske arkitekturen og den skotske opplysningstida i det 18. hundreåret har gjeve han kallenamnet Det nordlege Athen. Ein forfattar har ymta om at Det sørlege Reykjavík hadde vore meir passande.

The Princes Street Gardens og nokre bygningar: Frå venstre: Scottmonumentet, North British Hotel, Nelsonmonumentet & the City-observatoriet på Caltonhøgda, to bruer (Waverley i forgrunnen, North lengre bak) og taket til Waverley Station.

Det moderne gæliske namnet, Dùn Èideann, har òg vorte forvanska som Dunedin, eit namn byen til tider har gått under.

Mange skottar brukar kallenamnet Embra, og diktaren Robert Fergusson kalla byen Edina.

Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør er bybiletet dominert av Edinburgh slott, som står på eit vulkansk berg. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som fylgjer åsryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget vart påbegynt i 1816 på myrland som tidlegare hadde vore ein innsjø, Nor'Loch.

Hamna i Edinburgh ligg i Leith. Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand då han vart innlemma i Edinburgh by, fordi han da vart knytt nærare til storbyen. Han er fortsatt ein eigen by, men blir administrert saman med Edinburgh.

Edinburgh er base for fleire verdskjende arrangement. Blant desse er Edinburghfestivalen, som er eit samleomgrep på eksplosjonen i festivalar som skjer i august kvart år - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival og Edinburgh Military Tattoo.

Folk frå Edinburgh

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2024)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Edinburgh
Reiseguide for Edinburgh frå Wikivoyage
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Edinburgh
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?