For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Den russiske borgarkrigen.

Den russiske borgarkrigen

Trotskij i uniform, under borgar- og intervensjonskrigen

Den russiske borgarkrigen var ein konflikt dels innanfor Russland og dels med ytre deltakarar som varte frå 1917 til 1922. Krigen tok til med den russiske revolusjonen.

Frå sommaren 1918 til ut i året 1920 var store delar av det russiske riket ramma av ein til dels kaotisk borgarkrig, der også utanlandske styrkar frå blant anna Storbritannia, Frankrike, USA og Japan blanda seg inn på dei tidlegare tsar-generalane si side.

I tillegg til desse «kvite» stor-russiske styrkane og Den raude hæren, var nasjonalistar av ulike slag i aktivitet, ikkje minst i Ukraina, der nasjonalistiske styrkar også massakrerte titusenvis av jødar i store anti-semittiske pogromar. Polen prøvde i 1920 å erobre store kviterussiske og ukrainske område, men vart slegne tilbake heilt til Warszawa før dei igjen dreiv Den raude hæren langt inn på ikkje-polsk område.

Sjølv om Den raude hæren under leiing av Lev Trotskij til tider berre kontrollerte storbyane Petrograd, Moskva og området mellom, vann dei borgar- og intervensjonskrigen.

Dette har mange grunnar, men nokre av dei viktige er truleg desse: Dei ulike anti-sovjetiske styrkane var spreidde og samarbeidde lite med kvarandre, medan dei «raude» hadde ei einskapleg militær og politisk leiing pluss eit meir konsentrert område å forsvare, noko som gjorde logistikken enklare. Lev Trotskij viste seg å vere ein framifrå militær leiar, og gjorde klok bruk av jarnbanen med sitt mobile hovudkvarter. Jødane i riket såg snart at den einaste større styrken som respekterte dei og straffa overgrep mot dei var Den raude hæren, og støtta meir og meir opp om sovjet-styret for å unngå å bli massakrerte av dei anti-sovjetiske styrkane. Byane var bolsjevikiske kraftsentera frå før, men i løpet av krigen viste det seg at også dei fleste bøndene var meir imot dei «kvite» enn dei «raude». Med dei «kvite» styrkane følgde ofte godseigarane som ville ha att jorda «si», og straffe bøndene som hadde teke ho. Dei vestlege intervensjonsstyrkane var ofte krigstrøtte etter å ha vore med i første verdskrigen i årevis, og mange av dei sympatiserte meir med dei «raude» som ville ha fred enn med ei «kvite». Det var fleire tilfelle av desertering og ordrenekt.

Alt dette medverka nok til den «raude» sigeren i krigen.

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Den russiske borgarkrigen
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?