For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Brudeferd i Hardanger.

Brudeferd i Hardanger

Brudeferd i Hardanger

«Brudeferd i Hardanger» er eit av dei best kjende måleria i norsk kunsthistorie. Det er utført i 1848 av målarane Adolph Tidemand og Hans Gude i samarbeid. Måleriet måler 93 × 130 cm, og det heng i Nasjonalgalleriet i Oslo. Biletet er eit typisk eksempel på felles arbeid, der Gude måla landskapet, og Tidemand måla menneska.

Brudeferd i Hardanger er eit hovudverk innan den nasjonalromantiske kunsten i Noreg. Her er romantikkens sans for stemning, fantasi, kjensle og natur sett saman med det unge Noregs nasjonalisme. Eit brudefølgje er på veg over fjorden i båt etter vigselen. Brudeparet sitt i den fremste båten og lengre bak skimtar vi fleire andre båtar med bryllaupsgjestene. Brudeparet er kledd i bunadar, bruda har brudekrone. Brudgommen er sannsynlegvis han som helser med hatten. Lengst framme i båten ser vi spelemannen medan ein annan person i båten er i ferd med å skyte ein salutt. Dei fleste av gjestene har også bunader. Landskapet rundt viser ein fin sommardag under ruvande fjell, med grøne tre og spegelblank fjord. Vestlandsnaturen er vakker og dramatisk, og fjella ligg i mørk kontrast til fjorden som er opplyst av sollyset.

Biletet danna også bakgrunn for nokre kulturelle festkveldar på Christiania Theater i 1849. Tidemand og Gude hadde då måla bakgrunnen på eit svært lerret, og på scena var det plassert ein båt med byfolk utkledd som bønder i nasjonaldrakter så likt biletet som mogleg. Så kunne tablået byrje med song og spel. Teksten var av Andreas Munch og musikken av Halfdan Kjerulf.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Malmanger, Magne, Maleriet 1814-1870, fra klassisisme til tidlig realisme, i Norges kunsthistorie bind 4 Oslo 1981, ISBN 82-05-12268-7
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Brudeferd i Hardanger
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?