For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Bjørn Einar Romøren.

Bjørn Einar Romøren

Bjørn Einar Romøren


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1981 (43 år)
Oslo
Idrett skihopping
Tok del i Vinter-OL 2010, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp
Bjørn Einar Romøren i 2010.

Bjørn Einar Romøren (fødd 1. april 1981) er ein norsk skihoppar som representerer Hosle Idrettslag. Mellom 2003 og 2011 vann han to VM-gull, to VM-sølv, tre VM-bronsar og ein OL-bronse med norske hopplag i ulike verdsmeisterskap på ski og i skiflyging, og olympiske leikar. Individuelt har han to gongar vorte nummer fire i internasjonale meisterskap, begge gongane i Oberstdorf. I ski-VM 2005 var han eitt poeng bak bronsemedaljevinnaren i normalbakken, tre år seinare var han litt lenger unna bronsemedaljen i VM i skiflyging. Hans beste plassering samanlagd i verdscupen oppnådde han då han vart nummer tre i 2004-sesongen, men han var langt bak Janne Ahonen frå Finland og landsmannen Roar Ljøkelsøy. Romøren, som er norsk meister i skihopping fire gongar og i alt har ti NM-medaljar (4-4-2), er kanskje mest kjend for verdsrekorden på 239 meter som han sette i Planica i 2005.

Romøren slo gjennom nasjonalt då han i 2001 vart noregsmeister i storbakken. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot då han på nyåret i 2003 sigra i hoppvekerennet i Bischofshofen. Seinare i same sesongen fekk han plass på Noregs hopplag til ski-VM i Val di Fiemme, der det vart bronsemedaljar på dei utvalde norske hopparane. I 2004-sesongen stod han på sigerspallen sju gongar i verdscupen, to av dei som sigerherre. Han var med på Noregs firemannslag som vart verdsmeistrar i VM i skiflyging. Sigurd Pettersen, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy var dei andre på meisterlaget.

Vinteren 2005 vann Romøren ein ny bronsemedalje i laghopping under ski-VM i Oberstdorf, der han også vart nummer fire i normalbakken, eitt poeng bak bronsevinnaren Janne Ahonen. 20. mars 2005 nådde Romøren eit høgdepunkt då han sette ny verdsrekord i skiflyging med 239 meter i Planica i Slovenia og vann sin einaste verdscupsiger for sesongen.

I OL-sesongen 2006 kom Romøren i form på nyåret, og fekk fire individuelle pallplasseringar gjennom sesongen. To gongar steig han til topps; i januar månad i Sapporo og i mars i skiflygingsbakken i Planica. Høgdepunktet for sesongen var likevel lagtriumfen for Noreg i VM i skiflyging, saman med Lars Bystøl, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Under dei olympiske leikane i Torino fekk han ein bronsemedalje i laghoppinga og vart nummer sju i storbakkerennet. Han vart dobbel noregsmeister då han vann NM-renna i både Heddal og Oslo.

Etter ein svak 2007-sesong, hevda Romøren seg betre i delar av 2008-sesongen. Han hoppa jamnt med verdseliten i dei fyrste renna, men var så ute av form til februar månad. Hans einaste siger i verdscupen kom i Willingen, ei veke før VM i skiflyging i Oberstdorf. Romøren kom på fjerdeplass i den individuelle tevlinga i verdsmeisterskapen, og fekk ein bronsemedalje i lagkonkurransen. 2009-sesongen var rimeleg svart for Romøren, i verdscuprenn vart han som best nummer 15. I OL-sesongen året etter fekk han ein del gode resultat, men som vanleg varierte han i prestasjonane. Opningshelga i verdscupen vann han eine tevlinga i Kuusamo, og han tok ein andreplass i Engelberg straks føre jul. Fleire pallplassar oppnådde han ikkje, og vart nummer 23 i normalbakken under vinterleikane i Vancouver. Sesongen vart derimot avslutta med lagsølv i VM i skiflyging i favorittbakken i Planica.

Romøren vart nummer fem i eit verdscuprenn i Zakopane, hans høgste individuelle plassering i 2011-sesongen. Han fekk likevel plass på det norske laget til lagtevlinga i normalbakken under ski-VM 2011 i Oslo, der laget erobra ein sølvmedalje. Også i 2012-sesongen kom Romøren til kort mot dei aller beste skihopparane i verda. Ein sjuandeplass i Val di Fiemme var hans beste prestasjon i verdscupen.

Han vart operert for ein skade hausten 2012, og deltok ikkje i hoppsesongen 2013.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Besteplasseringar i internasjonale renn

[endre | endre wikiteksten]
  • 2001: Nr 31 to gonger
  • 2002: Nr 35 i Lahti
  • 2003: Siger i Bischofshofen, ein tredjeplass
  • 2004: To sigrar;# Lahti 7. mars, # Kuopio 10. mars, to andreplassar og tre tredjeplassar
  • 2005: Vinnar i Planica 20. mars 2005, ein andreplass, og ein tredjeplass
  • 2006: To sigrar;# Sapporo 21. januar, # Planica 18. mars, ein andreplass og ein tredjeplass
  • 2007: Nr 5 i Garmisch-Partenkirchen
  • 2008: Siger i Willingen, to tredjeplassar
  • 2009: Nr 15 i Klingenthal
  • 2009/10: Vinnar av opningsrennet i Kuusamo, andreplass i Engelberg
  • 2011: Nr 5 i Zakopane
  • 2012: Nr 7 i Val di Fiemme

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Bjørn Einar Romøren
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?