For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Aspargesordenen.

Aspargesordenen

Aspargesordenen
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Link, 1829

Aspargesordenen (Asparagales) er ein orden av einfrøblada plantar. Dei fleste artane i ordenen høyrer til i orkidéfamilien, som kanskje er den største familien av blomsterplantar, men nokre av dei andre familiane er også artsrike. Asparagales omfattar omtrent halvparten av alle einfrøblada planter og 10–15 % av alle blomsterplantar. Ordenen omfattar fleire kulturelt og økonomisk viktige artar, som smaksgjevarane lauk, kvitlauk, purre, asparges og vanilje, og prydblomar som Freesia, Gladiolus, Iris, orkidear, dagliljer, liljekonvall og påskeliljefamilien.

I eldre systematikk, slik som Cronquist-systemet, blei desse plantene rekna til Liliales, og nokre var med i den store liljefamilien (Liliaceae). Molekylærgenetikk viser at Asparagales er ei naturleg gruppe, men gruppa er vanskeleg å definera ut frå morfologi. Dei fleste artane i ordenen er fleirårige urteplantar (staudar), men nokre er klatreplantar og andre veks meir som tre. Mange plantar har også organ til å lagar næring i, som lauk, jordstengel eller rotknoll. Blada dannar som regel ein bladrosett, gjerne heilt nede ved bakken eller heilt i toppen, men ein del har også blad langs stengelen. Blomane er «liljeaktige» med seks blomeblad og opptil seks pollenberarar.

Plantane i ordenen skilde seg truleg ut frå andre einfrøbladingar for rundt 120–130 millionar å sidan, tidleg i krittida. Problem med å klassifisera familiane det er snakk om gjer at slike estimat er usikre.

Det har vore mange oppfatningar om systematikken i gruppa. Denne artikkelen følgjer APG IV-systemet med 14 familiar. Aloefamilien (Asphodelaceae), påskeliljefamilien (Amaryllidaceae) og aspargesfamilien (Asparagaceae) er utvida ved at fleire tidlegare familiar no har status som underfamiliar. Orkidéfamilien (Orchidaceae) er systergruppe til resten av Asparagales.

Familiar i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Delgrupper

[endre | endre wikiteksten]

Kladogrammet under viser slektskapa ein meiner finst innanfor Asparagales. Norske namn følgjer Artsdatabanken.

   Asparagales   

orkidéfamilien (Orchidaceae)





Boryaceae


   Hypoxidaceae s.l.   

Blandfordiaceae




Lanariaceae




Asteliaceae



Hypoxidaceae









Ixioliriaceae



Tecophilaeaceae





Doryanthaceae




sverdliljefamilien (Iridaceae)




Xeronemataceae



   aloefamilien (Asphodelaceae s.l.)   

Hemerocallidoideae (= Hemerocallidaceae, «dagliljefamilien»)




Xanthorrhoeoideae (= Xanthorrhoeaceae s.s.)



Asphodeloideae (= Asphodelaceae,
«aloefamilien» i snever tyding)




   'core' Asparagales   
   påskeliljefamilien (Amaryllidaceae s.l.)   

Agapanthoideae (= Agapanthaceae)




Allioideae (= Alliaceae s.s.,
«laukfamilien» i snever tyding)



Amaryllidoideae (= Amaryllidaceae s.s.,
«narsissfamilien»)




   aspargesfamilien (Asparagaceae s.l.)   



Aphyllanthoideae (= Aphyllanthaceae)




Brodiaeoideae (= Themidaceae)



Scilloideae (= Hyacinthaceae,
«hyasintfamilien»)





Agavoideae (= Agavaceae, «agavefamilien»)





Lomandroideae (= Laxmanniaceae)




Asparagoideae (= Asparagaceae s.s.,
«aspargesfamilien» i snever tyding)



Nolinoideae (= Ruscaceae)














{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Aspargesordenen
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?