For faster navigation, this Iframe is preloading the Wikiwand page for Amnesia av Roxen.

Amnesia av Roxen

«Amnesia»
Song av Roxen
Land Romania
Språk Engelsk
Utgjeve 4. mars 2021
Sjanger Elektropop, pop
Lengd 02:54
Selskap Warner Music
Låtskrivar(ar) Adelina Stinga, Victor Bourosu

«Amnesia» (norsk 'amnesi, minnetap') er ein engelskspråkleg elektropopsong frå 2021 med den rumenske songaren Roxen. Songen er skriven av Adelina Stinga og Victor Bourosu, og han vart utgjeven 4. mars 2021.[1] «Amnesia» var det rumenske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

«Amnesia» er komponert av Adelina Stinga og Victor Bourosu. Songen er skriven for Roxen, og teksta er delvis sjølvbiografisk.[2] Songen handlar om ei ung kvinne som slit med seg sjølv og presset frå omgivnadene. Sjølv om ho til stadighet er omgjeven av frykt, som delvis kontrollerer ho, klarer ho å bli kvitt frykta og gjenerobrer kontrollen og vert sterkare og tryggare på seg sjølv.[2] Songen skal òg gje ei stemme til alle undertrykte kjensler, og til alle som ikkje har blitt høyrt, blant anna under pandemien.[3]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Roxen skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Alcohol You». Då Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, vedtok den rumenske kringkastaren TVR at Roxen skulle få delta i 2021 i staden, men med ein ny låt. «Amnesia» vart sloppen 4. mars 2021.

«Amnesia» var det rumenske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Songen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021, der han enda på tolvteplass med 85 poeng.[4] Sidan Romania ikkje hamna blant dei ti beste, kvalifiserte ikkje landet seg til finalen laurdag 22. mai.[5][6] Dette var tredje gongen på rad at Romania vart slått ut i semifinalen.

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2021) Høgaste

plassering

Litauen (AGATA)[7] 51
Nederland (Single Tip)[8] 26

Utgjevingshistorikk

[endre | endre wikiteksten]
Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 4. mars 2021 Digital nedlasting, strøyming Warner Music [1]
  1. 1,0 1,1 «Amnesia - Single by Roxen» (på engelsk). Henta 5. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Roxen releases Amnesia music video, confirms song for Eurovision 2021» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  3. «ROXEN debuts unforgettable 'Amnesia'» (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  4. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. august 2021. 
  5. «2020 Semi-Final line-up to stay for 2021» (på engelsk). 19. november 2020. Henta 5. mars 2021. 
  6. «First Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  7. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  8. «Roxen – Amnesia». Dutchcharts.nl. Henta 29. mai 2021. 
{{bottomLinkPreText}} {{bottomLinkText}}
Amnesia av Roxen
Listen to this article

This browser is not supported by Wikiwand :(
Wikiwand requires a browser with modern capabilities in order to provide you with the best reading experience.
Please download and use one of the following browsers:

This article was just edited, click to reload
This article has been deleted on Wikipedia (Why?)

Back to homepage

Please click Add in the dialog above
Please click Allow in the top-left corner,
then click Install Now in the dialog
Please click Open in the download dialog,
then click Install
Please click the "Downloads" icon in the Safari toolbar, open the first download in the list,
then click Install
{{::$root.activation.text}}

Install Wikiwand

Install on Chrome Install on Firefox
Don't forget to rate us

Tell your friends about Wikiwand!

Gmail Facebook Twitter Link

Enjoying Wikiwand?

Tell your friends and spread the love:
Share on Gmail Share on Facebook Share on Twitter Share on Buffer

Our magic isn't perfect

You can help our automatic cover photo selection by reporting an unsuitable photo.

This photo is visually disturbing This photo is not a good choice

Thank you for helping!


Your input will affect cover photo selection, along with input from other users.

X

Get ready for Wikiwand 2.0 🎉! the new version arrives on September 1st! Don't want to wait?